collage

Vel blåst Hognestadhelg

Politisk boksekamp, pubdrøs, Hognestaddag og teltfest! Slutten av august baud på ei festhelg på Hognestad.

Fredag 25. august vart politikk og boksing forent i Hognestadhallen. Idrettslaget inviterte til politisk debatt med boksereglar. Her var boksehanskar og verneutstyr på, men slag var erstatta med ord. 

Politikere fra Høgre og SV møter i ringen.
DUELL: Høgre møtte SV i ringen. Tom Hetland styrte debatten og mikrofonen. 

Politisk boksing

Stemninga var både spent og god då politiske parti i Time kommune møttes i ringen. Partia som stilte var Høgre, Frp, SV, KrF, Ap, Mdg, Sp, INP og Raudt.

I finalen møttes Høgre og Senterpartiet og med Hognestad skule som tema, var det lite spenning til kven som kom til å bli kåra til vinnar. Tarald Magne Oma vart heia fram av publikum og vart kåra til den aller fyrste hognestadmeisteren i politisk boksing. 

Etter oppvisningskampar og politikk, var det godt drøs i klubbhuset.

Politikere fra Høgre og SV møter i ringen i alternativ vinkel.
I RINGEN: Til slutt var det Tarald Magne Oma i Sp som stakk av med sigeren. Her er han i ringen mot Gaute Stokka i Frp, som også valde å supplera med eit skjerf i rette fargar for høvet. 

Hognestaddagen

Laurdag 26. august var boksering byta ut med fotball då Hognestaddagen gjekk av stabelen. Ein stor fotballblink vart raskt yndlingsaktiviteten til dei yngste, kiosken var open, grillane varme og drøset godt.

Unge treffer blink!
Ein stor blink vart raskt midtpunktet i ein av dei små ballbingane. 
Bilde fra kampen mellom Hognestad og Lye
Hognestad mot Lye.
Bilde av hognestadlaget.
Hognestadlaget.

Fyrst ut var ungane, før Bygdecupen tok over grasmatta med langt større fotballføter. I år stilte seks lag i cupen. Til slutt var det ungdomslaget, som i år var eit reint 17-årslag, og fjorårets vinnar Vestly/Fotland/Time/Herigstad.

På sidelinja på dagtid var det også mogleg å ta idrettsmerke, noko fleire valde å prøva seg på. 

Bilde av ungdomslaget.
Vinnarlaget

Teltfest

Tidlegare same veke hadde ein god dugnadsgjeng reist sirkusteltet til idrettslaget. Teltet var innreia med benker og pynta til fest. 

Då Vestly/Fotland/Time/Herigstad nok ein gong hadde dratt sigeren i land, var det duka for skikkeleg bygdefest i teltet. 

Tusen takk til alle som deltok for å gjera dette til den festhelga det blei!

Oppsett av telt

Siste fra Hognestad IL

Kategori