Bygdacup Hognestad-dagen

Hognestad-dagen og Hognestad-nåttå 2025

Velkomen til ein innhaldsrik og kjekk dag på Hognestad – førstkomande laurdag 23. august! Me inviterer små og store til ein sosial og spanande dag med bygdacup og kiosken er open med sal av grilla pølser, kaker og andre godsaker på dagtid. Det er sjølvsagt gratis inngang, og alle er velkomne. På kvelden er det teltfesten Hognestad-nåttå, med god musikk, grill og god stemning. Hugs billett til Hognest-nåttå!

☀️ Vêrmeldinga lovar sol og opphaldsvêr heile dagen! Alt ligg til rette for ein strålande dag utandørs på Hognestad.

Kamp: G12 Hognestad – Varhaug kl. 12.00

Dagen startar med G12-kamp mellom Hognestad og Varhaug kl. 12.00. Møt opp og hei fram dei lokale heltane våre!

Bygdacup kl. 14.00

Etter kampen går startskotet for den tradisjonelle Bygdacupen kl. 14.00 – ei uformell (men for nokre svært alvorleg) og sosial turnering for heile bygda.

Finale kl. 16.00

Høgdepunktet i cupen: Finalen blir spelt kl. 16.00
Kven stikk av med sigeren i årets bygdacup? Kom og finn det ut!

Kiosken er open frå 11.00-17.00

Det vert sal av:

  • Grilla pølser
  • Heimelaga kaker
  • Tradisjonelle kioskvarer og drikke

Hognestad-nåttå kl. 19.00

Etter ein aktiv dag samlast me til Hognestad-nåttå kl. 19.00 – ein triveleg teltfest for bygda med god musikk, grilling, feststemning og fine folk! Musikk av Jens Budsberg og mat frå Smaken av Landet.

🎫 Har du ikkje kjøpt billett endå? Då må du skunda deg – det er avgrensa antal plassar!

Praktisk informasjon om Hognestad-nåttå

  • Billettpris: kr 300
  • Kjøp billett via Vipps: #815211
  • Aldersgrense: 18 år
  • Tid: Kl. 19.00
  • Stad: I telt – me held oss tørre og varme uansett vêr, men det ser ut til å bli ein solfylt dag lell!

Ta med deg vener og familie og bli med på ein dag fylt med fotball, folk og fest på Hognestad – og hugs å sikra deg billett til Hognestad-nåttå! Ta kontakt viss du har spørsmål.

Siste fra Hognestad IL

Kategori