For ein dag me fekk på Hognestad! ☀️ Vêret var med oss frå morgon til kveld, og ramma inn ein dag fylt med god stemning, liv og røre, latter – og ikkje minst: eit fullt dansegolv store delar av kvelden!



Ungdommen tok sigeren – igjen!
Dagen starta med fotballkamp og heldt fram med ein engasjerande bygdacup. Etter intense oppgjer og mykje latter, var det same vinnarar som i fjor- Vestly-Fotland-Time-Herikstad! Gratulerer så mykje! 💪
Matglede og fullt liv
Me var svært nøgde med maten frå Smaken av Landet. Dei leverte smakfull og raus servering som passa perfekt til kvelden.
Gjestane storkoste seg
Dansegolvet vart fort fullt då kvelden kom. Stemninga var på topp frå første takt, og som ein gjest sa det:
«Dette var ein av dei gildeste Hognestadnettene ever! Var så bra trøkk på dansegolvet!»
Takk til dykk alle ❤️
Styret og dugnadsgjengen
Ein stor takk går til styret for strålande arrangering, og til alle som stilte opp på dugnad – både før, under og etter arrangementet. Slike dagar skjer ikkje av seg sjølve, og det er takka vere dykk at alt gjekk så knirkefritt. Dugnadsånda er sterk på Hognest!
Mat og musikk
Takk til Smaken av Landet for kjempegod mat, og til Jens Budsberg for å skapa den gode stemninga som fekk folk ut på golvet og heldt festen i gang.
Takk til sponsorane våre
Me gler oss allereie til neste Hognestad-dag – og håpar du gjer det same!