hil-klubbhus

🔥 BLI MED PÅ DUGNAD 18. april!

Hognestad IL treng deg!

Vi skal gjera anlegget klart til sesongen – og håpar du vil vera med 💛

Dette står på tapeten:

✔ Demontere skilt mot Smukken
✔ Vask av heller oppe og nede
✔ Plante i kassene utanfor klubbhuset 🌱
✔ Rydda uteområde og ved ballbingen ⚽
✔ Plukka søppel
✔ Småreparasjonar og vedlikehald
✔ Kosting og rydding rundt banen

Det blir:

✔ Dugnad
✔ God drøs
✔ Kaffi og noko godt
✔ God stemning for heile bygda

For heile familien

Ta gjerne med ungane – dei kan leika, vera med og plukka søppel, og bidra på sitt vis 😊
Dette blir ein kjekk dag for både store og små!

Har du ikkje høve til å delta denne dagen?

Har du ikkje høve til å bidra med rydding, set vi stor pris på om du vil bidra med litt bakst 🍰 Ta kontakt med Ivar viss du kan hjelpe oss med dette.

📅 Praktisk informasjon

Laurdag 18. april

Kl. 10:00–15:00

Kom innom – om du har ein halvtime eller fleire timar!
Alle bidrag tel 🙌

#meæhognest

Siste fra Hognestad IL

Kategori